Eg oppretta denne bloggen, eller kva ein no skal kalla det i vår og så skreiv eg ikkje noko som helst her. Kvifor skulle eg ha ein blogg? Kva er vitsen med at nokon som helst skal ha ein blogg i 2026? Kjappe innlegg på Instagram eller Facebook er tingen…. Eller nei, det er det jo ikkje, men sidan eg født på 70-talet er det no der eg er. Eller i det siste har eg ikkje vore synleg der heller. For kvifor skal eg vera synleg når det er så behageleg å vera usynleg?

Kvifor, kvifor, kvifor… tenkte eg. Og bak kvart kvifor var det ein god grunn til å berre drita i det. Kanskje eg heller skulle ha nyheitsbrev igjen? Alle må jo ha det! Eg har jo hatt det før. Men kvifor skal eg ha eit nyheitsbrev, når eg ikkje veit kva eg skal skriva på ein blogg som sikkert ingen gidd å lesa likevel, noko som er like bra for eg har jo ikkje noko nytt, revolusjonerande og intelligent å koma med. Eg har berre meg.
Etter å ha gått og kosa meg med dette «kvifor», og blitt meir og meir trygg på at nei, dette skal eg ikkje. Så kom det eit ord til: Ikkje. KVIFOR IKKJE og ord nummer 3: EG. Kvifor ikkje eg? Kvifor skal ikkje eg ha ein blogg? Kvifor skal ikkje eg ha eit nyheitsbrev? Kvifor skal ikkje eg berre drita i å vera så seriøs? Eg som elskar når alle andre hiv seg ut på.
Så kvifor ikkje hiva meg ut på igjen?
Gjera det heilt utan om eg veit om eg klarar å følgja opp med fleire innlegg, sånn at det heile berre blir ein tynn flau fis.
PS: Og no tenkte eg ein komplisert tanke om at eg må jo ha ferdig ei nyheitsbrev-lenke sånn at eg kan fiska folk (les:DEG) inn i nettet mitt og lura dei til å kjøpa absolutt alle av dei fenomenale bøkene mine, men føkk det! Kvifor kan eg ikkje berre begynna utan å ha alt på stell? Utan å ha alle baktankane… eh eg meinar brikkane sjølvsagt, på plass?