Eg har skrive over 20 bøker på nynorsk og bokmål, både romanar og faktabøker. Ein viktig del av forfattarjobben er å reisa rundt på skular, bibliotek og litteraturfestivalar både i Noreg og utlandet for å fortelja om bøkene mine og inspirera barn og unge til å lesa, leva, undra seg og skriva sjølv. Eg har lang erfaring med skulebesøk og eg likar denne delen av jobben veldig godt. Ofte er tanken på at eg skal ut og møta elevar, ein viktig motor og motivasjon dei gongene det er motbakke i skrivinga.
Eg har opplegg som passar for småskuletrinnet, mellomtrinnet og ungdomsskulen.
Ønskjer du å bestilla forfattarbesøk med meg? Det gjer du gjennom Norsk Forfattersentrum elle ved å trykka på knappen «Bestill besøk»!

Opplegg for småskuletrinnet: Sprø fakta

Denne videoen er til lærarar, bibliotekarar og andre som gjerne vil at eg skal komma på besøk å fortelja om i faktabokserien som inneheld bøkene: Hårete fakta, Blodige fakta, Falske fakta, Giftige fakta og Stinkende fakta. Her får du rett og slett vita det du treng før eg kjem på besøk. Viss du vil sjå videoen med teksting, er det lurt å sjå den direkte på YouTube.

Opplegg for ungdomstrinnet:

3 litterære boardingkort!

Klikk HER for å sjå video på YouTube med alt du treng å vita før eg kjem med dei tre boardingkorta til ditt klasserom, bibliotek eller festival.

Om opplegget:
Dette er eit tradisjonelt forfattarbesøk, der eg kjem med tre bøker i ulike sjangrar og les og fortel om desse. Felles for desse bøkene er at dei er skrive i eit lett tilgjengeleg format, dette er slukebøker som er perfekt for å komma seg på lese-flyet og fly inn i leseland!
Bøkene er Pass dine eigne saker, OMG og Hevner


På slutten av timen blir det ei artig lita skriveøving (viss me er i eit vanlig klasserom). Elevane treng ein blyant og eit ark eller kladdebok.


Elevane treng ikkje å ha lese boka på førehand, men kanskje nokon får lyst til å lesa den etterpå? Sørg i så fall for å låna eller kjøpa inn bøker eller til og med klassesett. Alle desse bøkene eignar seg godt til både høgtlesing og stillelesing. Ta gjerne direkte kontakt med Det Norske Samlaget viss de vil kjøpa klassesett! De finn kontaktopplysningar HER.