If you do not tell the truth about yourself you cannot tell it about other people.
Virginia Woolf
15 skrivetips til inspirasjon og refleksjon
- DRIT I DET PERFEKTE. Ikkje vent til alt er perfekt. Der du er i dag er GODT NOK.
- LES BØKER.
- KVIFOR SKRIV DU? Du vil trenga eit sterkt KVIFOR fordi du har ein tøff (og i dei fleste tilfelle laaaaang) veg framfor deg. Utan eit sterkt KVIFOR vil du fort/lett mista motet.
- TALENT? Talent vil ta deg ein bit på vegen, men du må vera villig til å gjera jobben og å takla nederlag.
- REALISTISK BLIKK. Skaff deg eit realistisk bilete av deg sjølv. KVa er du god til når det kjem til skriving og kva er dine problemområde? Her kan det vera lurt å få litt hjelp. Bøker om skriving og kurs, er heite tips!
http://www.forfatterskolen.no har kurs for ein kvar smak og du kan ta dei online! - SKRIVETEKNIKK. Lær deg reglane før du bryt dei. Igjen er bøker om skriving og kurs, heite tips!
- TRE VEGAR INN I HISTORIA. Eg brukar som regel ein, to eller tre ulike metodar/vegar inn i eit nytt bokprosjekt:
1. Eg startar å skriva med utgangspunkt i ei scene, ein replikk, ei stemning, musikk eller bilete som triggar noko i meg.
2. Skissa eit plott, ein dramaturgisk kurve og på den måten skaffar meg ein slags oversikt over historia. Dette kartet stemmer som regel aldri med det endelege resultatet, men det får meg til å begynna å gå i ei eller anna retning.
3. Eg startar med å finna ut kvifor eg skal gidda å skriva denne historia. Kva er det som gjer at nett denne historia vil ut i verda?
Du vil finna dine vegar inn i historia. Det kjem med erfaring. Erfaring får du av å skriva. - MÅLGRUPPE; SJANGER OG FORMAT. Tenk gjennom kven som er målgruppe for boka di. Kva sjanger og kva format skal boka ha? Forbausande mange syndar når det kjem til dette.
- MÅL. Sett deg ein deadline. Det er alltid enklare å jobba mot ein konkret dato. Samtidig, i delar av prosessen er det vel så viktig å tenka og kjenna etter. Ta deg tid, framfor å jaga etter ein bestemt dato. Du skjønar sikkert at det med å setja ein deadline er berre for å lura deg til å setja i gang med skrivinga?
- RUTINAR. Lag deg rutinar som passar for ditt liv. Det er ikkje sikkert det er realistisk for deg å skriva kvar dag. Rutinar som kjem frå supereffektive folk, får deg som regel berre til å føla deg som ein tapar. Heilt unødvendig sjølvplaging.
- DI STEMME. Du har ei eiga stemme, stol på at den er bra nok. For å komma i kontakt med denne stemma må du våga å ha det stille og faktisk sjå verdien av å kjeda deg. Stemma di blir betre og klarare av at du brukar den. Viss du prøver å herma etter andre blir det berre teit. I verste fall kan du plagiera…
- SAMANLIKNING er det verste du kan halda på med. Ikkje bry deg om kva andre skriv, eller kor fort dei skriv eller kva soem er trend.
- FØRSTEUTKASTET ER ALLTID SKIT. Ikkje bruk for lang tid på førsteutkastet. Berre få historia ned på papiret. Når manuset er skrive frå A til Å, lat det kvila, så skriv du ut manuset og les gjennom det med penn i hand. Stryk og noter i margen. Les som om det ikkje er du som har skrive det. Ta ein ny liten ferie frå manuset og så skriv du alt på ny. Det du no sit igjen med er det du kallar første utkast når du sender det til eit forlag.
- IKKJE GI OPP. Viss du veit kvifor du skriv, jobbar jamnt og trutt og ikkje gir opp, så blir det til slutt bok. SAMTIDIG, blir det for tøft, TA EIN LANG PAUSE. Etter pausen vil du vita om skrivinga er noko du kan klara deg utan eller om du ikkja klarar deg utan å skriva. Viss du ikkje kan klara deg utan å skriva? SKRIV SOM OM INGEN SKAL LESA DET DU SKRIV. Slepp alle tankar om at familien skal lesa det du skriv, at du skal bli rik eller berømt.
- IKKJE BLI BITTER!
PS: Husk at dette er TIPS ingen FASIT. Lykke til!