
Fotograf: Johan Falkenström
Velkommen til mitt vesle hjørne av internett. Eg er forfattaren og omsetjaren Ingelin Røssland og eg debuterte i 1998 og har skrive over 20 bøker for store og små, unge og gamle. Vil du vita meir, sjekk ut biografien min. På desse sidene kan du lesa om bøkene mine, kikka på bloggen min, få skrivetips og finna ut korleis du får kontakt med meg. Ein viktig del av arbeidet som forfattar er å reisa rundt og snakka om bøkene mine og om det å skriva. Oppdrag i Noreg bestiller du gjennom Norsk Forfattersentrum. Oppdrag i Sverige gjennom Författarcentrum.
Eg fattar ikkje at eg er nøydd til å skriva dette, men desse sidene er 100 % KI-frie. Det betyr at eg står for både det geniale, det som er godt nok og det som er riv ruskande gale heilt sjølv.
Sidan du no har klikka deg inn på mine sider, så peiser eg på med litt reklame for den aller nyaste boka mi, Pass dine eigen saker (Det Norske Samlaget, 2026):

Då Ida kjem heim frå sommarferien, er bestevenninna Pernille heilt forandra. Ho har ny stil, dyre klede og strør rundt seg med pengar.
Ida oppdagar at Pernille sel skitne truser på nettet. Sel ho andre ting også? Venninna trur ho har full kontroll, men Ida veit betre. Ho legg ein vasstett plan for å redda Pernille frå gamle grisar. Men snart har ho selt ei av sine eigne truser. No har ingen av jentene kontroll. Og det blir farleg.
«Handlingen kan virke dramatisk, nesten overdrevet. Likevel er det mest urovekkende at det ikke er det. Farene er bare et tastetrykk unna. Ved å vise hvordan kontroll kan fremstå som frihet, men i virkeligheten innebære det motsatte, skriver Røssland fram et viktig og relevant bidrag til samtidslitteraturen for ungdom.»
Maren Dahl Keller, Bok365. LES HER.
«Som bokmeldar vil eg helst unngå å kalla bøker viktige. Det er som å seie at ungar må ete brokkoli fordi det er bra for dei: Det er framleis drit kjedeleg. Men Røssland klarar å gjere brokkolien – altså det alvorlege temaet – meir interessant enn viktig. »
Ane Barmen, Klassekampen.