
Namn: Ingelin Røssland
Født: 1976
Kjem frå: Tysnes i Sunnhordland, Noreg
Bur: Lidingö, Sverige
Sivilstatus: Gift og mor.
Dyr: Hund (Bono, ein svart jaktlabrador)
Debutbok: Viss du vil, roman, Det Norske Samlaget.
Eg er oppvaksen som yngst av to søsken på ein gard med kyr, sauer, hund og katt.
Det var alltid meininga at bror min skulle overta garden heima. Eg var fri til å finna min eigen veg og plass i livet. Det tok meg først ut i verda, med trillekoffert på slep før eg fann min plass i verda og kjærleiken i Sverige. Eg som ikkje skulle bli bonde fordi eg var yngst, endte opp med å kjøpa gard i Södermanland i Sverige. Her kjem oppveksten frå gard godt med. Eg har det i hendene og blodet. Det å bu på gard gir meg ro og tid til å tenka og skriva.
Eg er utdanna skodespelar frå Bergen Teaterskole og som fjernsynsjournalist og dokumentarfilmregissør frå Høgskulen i Volda. Har jobba i fleire aviser mellom andre bladet Tysnes (der også romanheltinna Engel Winge jobbar) og Hardanger Folkeblad. Har jobba fleire år i NRK, lengst i Newton. Frå 2007 har eg vore eit fritt menneske som lever av forfattarskapen min. Eg er fri til å leika, skriva, undervisa og skapa.
Å leva eit stille og rutinemessig liv er godt for skrivinga. Naturen er utrulig viktig for meg. Eg kjem på mine beste idear når eg er ute og går tur i skogen eller ved sjøen. Ein annan stad der eg slappar godt av og ideane liksom berre flyt inn i hjernen min, er når eg badar. Visste du forresten at den store krimforfattaren Agatha Christie likte å pønska ut plotta sine mens ho låg i badekaret? Eg trur på det å la tankane få vandra fritt, vera laus og ledig framfor å stressa og pressa.
Skriving er som å fisa. Viss du prøver å pressa historia fram, så blir det berre dritt!
Ingelin
Trykk på bilete eller HER for å koma til eit intervju med meg om min forfattarskap og arbeidet med ungdomsromanen OMG. Intervjuet er gjort av Oddmund Kårevik, biblioteksjef i Yttre Enebakk.
Litteraturprisar:
Ordknappen 2018
Falturiltuprisen 2011 (var festivalforfattar same år).
Ibby Honour List 2008, for Handgranateple.
Blei tildelt Guro Sandsdalens litteraturpris 2007
Vinnar av UPrisen 2007.
Les meir her.
Sigmund Skard-stipendet 2007. Les meir.
Sunnmørsprisen 2006. Les meir.
Ungdomsromanen OMG, blei skrive som eit samarbeid med Leser søker bok. Eg var gjest i deira podcast. Trykk på HER under, så kjem du til intervjuet som ligg på Spotify.