Passar for deg som likar kjærleiksromanar med humor, forviklingar og ei gåte å løysa.
Utgjevingsår: 1998
Forlag: Det Norske Samlaget.
Utdrag:
«Ferja kjem inn til kaien med gapande kjeft. Gulpar ut bilar, som virrar litt før dei set opp farten og køyrer som om det gjaldt livet. Eg vrir om tenninga og set bilen i første. På signal frå ferjebillettøren køyrer eg inn på ferja, medan eg rullar ned bilvindauga.
– Trettisju kroner.
Eg gir billettøren med trailersolbrillene ein krølla femtilapp. Utan å sjå på meg vekslar han fortare enn lynet. Ra-ta-ta-ta-ta. Som ein sjøens cowboy. Tretten kroner og ein rosa billett. Billettøren svingar seg på kloggene og går hjulbeint til duell med neste passasjer.»
Om boka:
19-årige Anneli er ferdig med gymnaset. Ho er skulelei og vel å flytta til ei utkantbygd i heimkommunen. Mora oppfattar Anneli sitt «påfunn» som ein provokasjon. Deltidsjobb i ein barnehage var ikkje det ho hadde tenkt dottera skulle fordriva tida med. Medan forholdet til mora er mildt sagt anstrengt, står faren og Anneli kvarandre svært nær.
Anneli flytta til ein utkant for å finna fred og ro, men ho finn langt meir enn dette. Huset ho leiger, ber på ein løyndom som viser seg å gjelda familien hennar. Anneli er i tvil om det er best å teia med det ho får vita. Samtidig forelskar ho seg i Ragnar, ein av foreldra i barnehagen, og om «Anneli er «moden» for alderen, er ikkje alle sidene ved livet like lette å takla.
Utdraga frå kritikkane:
Nina Goga, Bergens Tidende
Harriet Eide, Dagbladet |